Den tradisjonelle haustturen til Bergen ICY gjekk av stabelen i strålande sol. Ei helg i godt selskap og med mange opplevingar var ein flott start på haustsemesteret for 11 ICYarar og 1 GoCYar på øyparadiset Stolmen. ”Tenk å få ei slik helg når ein trudde sommaren var over,” sa ein ICYar medan ho såg utover havet der sola leika i småkrusa bølgjer og ein robåt sakte kryssa sundet. ”Mm,” mumla eit par andre, før augneloka sakte vart senka og tankane glei attende til funderingar om ein skal ta eit bad eller ikkje.
Eit bad vart det på fleire søndag morgon. Den opplevinga kom på toppen av nye erfaringar for mange, som fiske i solnedgang, skattejakt i ei vik full av skattar frå sjøen, henting av krabbetein før frukost og roing av færing. I tillegg vart det tid til lange måltid, kortspel og planlegging av prosjekta for hausten.
Dette er tredje året Bergen ICY fer på tur til Stolmen, og denne gong var halvparten av dei besøkande fyrstegongsreisande. Det reknar me som særs godt resultat, og er og nøgde med at Abeer, GoCYaren på Voss, vart med. Det er litt vemodig at haustturen er overstått for i år, men me har ein fin haust å sjå fram til i eit ICY som no har endå ei god felles oppleving. Og det flotte med tradisjonar er at dei vert gjentekne, så då vert det vel ny tur om eit års tid att. Me gler oss allereie!
by Mari Skjerdal Lysne - published 9/7/2008